fredag 31. desember 2010

Eitt år er over...

...eit nytt tek til. I dag er det nyårsafta. Ved midnatt er vi ikkje lenger i år 2010 men i år 2011. Tenk kva som kan hende i det nye året!? Alt mellom himmel og jord! Det gjev ei litt sitrande kjensle, i grunnen. Ei kjensle av glede og av redsle. Ei kjensle av skrekkblanda fryd, rett og slett. Av å ikkje ha den fjernaste aning om kva året som kjem vil bringe. Kva for personar som vil ta del i livet mitt. Kven som vil forsvinne. Og kven som dukkar opp. Kva som vil ha noko å seie for meg sjølv og for omverda, og kva som ikkje vil det.

2011 har potensiale til å verte inkje mindre enn eit Jubelår!

søndag 19. desember 2010

Leggjetid...

"...så eg tok båten heim". Hoho... tok båten heim? Nei du, eg sat nok stille og roleg i han gjennom heile overfarten, og då vi var komne fram, lot eg han liggje att ved kaia. Ajajaj... kan det verte knusktørrare? God natt!

Driving Home For Christmas

Nei, det gjer eg ikkje. Tenkje seg til - køyre bil medan eg bloggar? Nei du. Det hadde teke seg ut, gitt! Og eg køyrde ikkje heim til jul heller. Best å la det vere fann eg ut, ettersom eg har slik panikk for lyskryss og køyrebaner (in plural). Eg har jo forsåvidt ingen bil å køyre heller, så eg tok båten heim. Tryggast slik. Og så litt bil. Men her omkring finst det altså ikkje lyskryss og det var mamma som køyrde, så vi kom oss trygt heim.

Så - til poenget. Eg er altså heime! Heilt heime faktisk (ja, nei, ikkje heime i Himlen). Men i det minste heimeheime. Heime hjå mamma, pappa og bestemor. I den vesle bygda mi med aude markar og tome hus. Men så er i det minste markane kvite, og i nokre av husa er det lys. Dei husa som ikkje er tome altså. Og om ein ser slik på det, så er eigentleg lyspunkta sterkare når det er langt mellom dei... Så eg likar deg - mi vakre folketome bygd.

Var det poenget mitt? Nei, det var det aldeles ikkje. Eg må visst innsjå at eg ikkje har noko slikt i augneblunken. Men eg er heime i det minste. Eg er aldri så lite overtrøytt her eg sit for meg sjølv. Og livet. Livet det er fint. Eg er heime til jul.

fredag 17. desember 2010

mandag 13. desember 2010

Ein halv stykk praksisrapport ferdigskrive! :oD Men til kva pris?

Eg trudde eg hadde seinvakt på praksisen i dag, så eg sat oppe til kl fem i natt og skreiv oppgåve. Eg må seie eg var strålande nøgd med meg sjølv eigentleg, heilt til eg i dag tidleg kl 09.40 fekk telefon frå min kjære medstudent, om eg ikkje hadde tenkt å kome i dag. Så hadde eg altså ikkje seinvakt likevel. Det var berre ynskjetenkning. Ynskjetenkning som på merksnodig vis har vorte overført til tal og bokstavar i svart penneblekk i avtaleboka mi. Kort fortalt vil det vel eigentleg seie at eg forsov meg igjen...

lørdag 4. desember 2010

Ein ven juleverkstad

I går kom eg retteleg i julestemning. Det var juleverkstad her i heimen. Juleverkstad med Navigatørane Sentrum. Du for ei oppleving, om eg skal få seie det sjølv! Julemusikk, julekortlaging, julekortmaling, juleteikning, strikking, peis i fjernsynet, peparkaker, clementinar, fiken, kanelsnurrar, gløgg og nydelege menneske. Kan ein eigentleg få eit stort betre avbrekk i kvardagen? Nu vel. Ta bileta som prov.

Konsentrerte julehandverkarar

Eit vent juletre

Eg er nøgd

onsdag 24. november 2010

Å gjere eit heidundrandes godt inntrykk på arbeidslivet...

Eg forsov meg i dag. BIG TIME! Som nemnt er eg i praksis for tida. Den jamne arbeidstida er frå 07.45 til 15.30. Også i dag.

Eg vakna kl. 11.45, sånn cirka. Godt utkvilt og i strålande humør. Heilt til eg såg kva dei digitale siffera på mobilen min synte. Og at eg hadde fått tre tekstmeldingar. Og ein telefon. Som eg ikkje på noko tidspunkt kan hugse å ha høyrt.

Det verste av alt, er i grunnen at det etterkvart demrar litt for meg. At eg stilte inn alarmen og la mobilen borte ved døra då eg la meg i går. Sånn for at eg skulle måtte gå ut av senga i dag tidleg. Få kroppen i gang liksom. At eg tidleg denne morgonen slo på taklyset, og den vesle lampa i bokhylla. Og at eg i farten på veg attende til senga sette på musikk. Slik at eg verkeleg ikkje skulle kunne sovne igjen. Eg skulle jo berre slappe av litt. Berre vakne litt først. På ein behageleg og roleg måte. Tabbe!

Så i kveld skal eg altså gå nattevakt i staden. Det passar i grunnen eit innbarka B-menneske bra. Eg må diverre likevel bite i det sure eplet, svelgje stoltheita og innrømme at det hadde vore kjekt å gjere eit litt betre inntrykk på det som elles kanskje kunne vore ein komande arbeidsplass...

fredag 12. november 2010

Å gå skodd..

I dag reiste eg så og seie jorda rundt for å få tak i eit støvlettpar til vinteren. Neimmen ikkje lett skal eg seie deg! Av garde med buss og rulletrapper, rulleband og ikkje minst apostlane sine hestar. Opp og ned, inn og ut.

Eg trudde altså at eg hadde funne paret. Etter mykje om og men med omsyn til pris, lengde, breidde og den slags. Det er til opplysning ikkje så lett det med lengde og breidde for oss med lange smale pailabbar. Når ein i tillegg må ta omsyn til pris, av di ein er fattig student og er oppvaksen på Søre Sunnmøre samt er eit kvinnfolk med dårleg utvikla evne til å ta avgjerdsler, er det å kjøpe støvlettar så og seie umogleg. Eg måtte difor diverre konkludere med at i høve pris og lengde og breidde og det heile, så var ikkje dei flotte svarte støvlettane på Eurosko paret for meg. Dei var rett og slett finare å sjå til på stativet, enn dei var behagelege på foten. For ikkje å snakke om prisen. Så snakkar vi heller ikkje om den...

Ferda gjekk vidare til neste handlesenter, neste butikk. Der, rett innanfor døra. Dei som skulle bli mine. Eit høgt, rakt, slankt og gyllenbrunt eksamplar av eit støvlettpar. Med snøring og det heile. Ja, kun att i størelse 36 seier du, du hjelpsame butikkdame. Midt i blinken. Eller er det kanskje meir på sin plass å seie midt i nålauget? Om lag akkurat like i lengde, breidde og vidde som føtene mine. Men berre om lag, då eg meir på det jamne tek i bruk sko med nummeret 40 innprenta i sålen... Ja, det er ikkje min feil at eg har store føter. Far min har store føter. Vel, no skal det seiast at han er mann, og eigentleg har ganske normalt store føter. Men så har altså bror hans enorme føter, og far deira hadde temmeleg digre føter han òg. Eg er klar over det. Eg har fått det med meg. Dei er alle menn. Eg er ikkje. Poenget er likevel det; at eg er arveleg belasta. Det er med andre ord ikkje min feil.

Så hadde dei altså ikkje nummeret mitt i butikken. Det dei hadde derimot, var den hjelpsame butikkdama og ein telefon til Bianco Footwear på Vestkanten kjøpesenter. Personen i andre enden hadde visst eitt par brune støvlettar i størelse 40 att. Reservasjon. Nervøsitet kring det om ein vil rekkje det eller ikkje. Apostelhestar. Buss nummer 32. Apostelhestar att. Rulletrapper. Apostelhestar enno ein gong. Rulleband. Bianco Footwear rett forut. Og der, bak disken eitt par høge, rake, slanke og gyldenbrune støvlettar. Med snøring og alt. Eg dreg kortet. Då er det gjort. Dei er mine.

Det umoglege har vorte mogleg. Til opplysning har eg også teke til vitet og kjøpt noko som kan minne om broddar, men som skal vere noko vanskelegare for det blotte auge å sjå... Så no skal eg ikkje gå på hovud eller bakende, om eg no mot formodning skulle falle i gamle synder og gå i utslitne tennisskor ein kald vinterdag...

søndag 17. oktober 2010

Teori i praksis

Eg har byrja i praksis. På Strax-huset. Ja, eg skal verte sosionom, i tilfelle de ikkje har fått det med dykk. Plan A er å verte sosionom i særklasse. Plan B er å verte ein god ein.

Det er ein tankevekkjar altså, at så og seie samtlege i denne brukargruppa kan fortelje korleis ein sosionom på NAV ter seg. Der sosionomen sit bak skrivebordet med hovudet på skakke. Først på eine sida, så på andre, akkompagnert med eit nikk og eit "ja" og eit "ha", og eit "mhm" og eit "eg forstår" (teoretisk fasit: Eide og Eide, 2004 side 174), utan at hverken den som sit på eine eller andre sida av skrivebordet har forstått nokon ting ut av det som den andre har freista å formidle. Og samtalen, anten den går føre seg på telefon eller i "levande live", finn sjølvsagt berre stad om sosionomen ikkje spring frå eitt møte til eit anna med fotformskorne på føtene og det lilla sjalet flagrande om halsen. Meir skal ein heller ikkje kunne forvente, men der er visst mange møte, skal ein tru brukarane. Og matpauser. No skal det likevel nemnast at vi menneske har ein tendens til å vere ein aldri så liten smule subjektive i høve slike ting... Ting som angår oss sjølve. Ting som er viktige for oss.

Eg er kanskje naiv. Eg vert kanskje lett farga av det brukarane seier. Tykkjer lett synd i dei etter at dei har fått fortalt historiene sine. Historier om livet. Historier som er så vanvittig anleis enn mi. Men så har eg jo ein yrkesidentitet. Eller er i alle høve i ferd med å byggje han opp. Og då er det jo på ein måte noko med denne lojaliteten eg skal ha til yrkesgruppa mi. Sanninga er likevel den, at eg i mange høve eigentleg ikkje har lyst til å identifiserast med sosionomar. Sjølv om eg no har planar om å verte ein. Nett fordi sosionomar ofte vert oppfatta slik som skildra ovanfor. Eg vil ikkje vere flagrande. Eg vil vere handfast. Eg vil ikkje vere så full av forståing at eg ikkje forstår nokon ting. Eg ynskjer å verte ein sosionom med eit tydeleg teorigrunnlag i ryggen, men der yrkesutøvinga likevel ikkje vert reint plagiat frå dei respektive lærebokforfattarane Eide og Eide, Shulman og Heap. Folk er ikkje dumme, antakeleg ikkje like naive som meg heller. Dei merkar når ting er naturlege og når dei er tillærte. Eg vonar at den teoretiske kunnskapen eg sit inne med vil ta ei naturleg form i praktisk handling. At den vert ein del av meg utan at den verkar tillært eller påteken. At eg framstår truverdig. Og at eg faktisk er det òg.

Strax-huset er eit lågterskeltilbod for rusmiddelavhengige, og skal ta sikte på å redusere fysiske, psykiske og sosiale problem som følgje av rusbruken. Vi har med menneske å gjere, som har og har hatt fleire og meir omfattande problem og meir sorg i livet sitt i ein alder av 20, enn eg truleg nokon gong vil oppleve i mitt. Vi har med menneske å gjere, som har synt seg sterke, men som likevel er sårbare. Vi som sosionomar kan ikkje vere likesæle. Vi skal vere litt anleis enn resten av samfunnet. Vi skal ikkje trykkje brukarane lenger ned i støvet enn dei allereie er. Vi skal ikkje lage større barrierar i høve det å ta i mot hjelp enn det som allereie finnast. Vi skal i staden bryte desse ned. Hjelpe brukarane til å reise seg, og til å børste støvet av sine eigne klede.

No tenkjer de kanskje at eg er ung og dum og ikkje har den ringaste aning om kva arbeidslivet har å by på. Og de har heilt rett. I ein alder av 22 er eg ung, naiv og idealistisk. Eg har null snøring på kva det vil seie å vere i fast arbeid. Kan hende eg om 10 år vil ordleggje meg noko anleis i eit blogginnlegg enn det eg gjer no. Så slik er det. Eg ser likevel storleg fram til å sjå kva livet vil by på!

P.S.: For å ha det på det reine - sosionomane på Strax-huset er ikkje flagrande!

søndag 3. oktober 2010

Familie

Opphavet vitja meg forrige helg. Meg og systrene mine. Ja, og med opphavet meiner eg altså mine to gamle foreldre. Eller gamle er dei kanskje ikkje. Det er vel dette ein kallar eit definisjonsspørsmål. Dei var her i alle høve, og det er altså ikkje opphavet der Ordet var og Ordet som var hjå Gud, og Ordet som var Gud, og som var i opphavet hjå Gud, og Gud som er opphav til alt som har vorte til eg snakkar om, men mine to jordiske foreldre. Slik at det er klarlagt. Det hender det skaper forvirring.

Eg kjøpte eit Megafon for nokre dagar sidan. Tema for månadens nummer er " Familie". Du verda kor mykje familie eigentleg har å seie. Den familien ein tilfeldigvis har fått tildelt her i verda har overveldande stor verknad på korleis livet artar seg. Eg har tenkt ein del på det i det siste. Korleis små enkelthendingar kan balle på seg. At sjølv om ein tilsynelatande hadde likt utgangspunkt, så hadde ein det likevel ikkje. Eg har vore heldig med min familie, andre har ikkje. Eg har vakse opp i trygge omgjevnader, andre har ikkje. Eg har vorte fortalt av familien min kor glad han er i meg, andre har ikkje. Nokre har heile livet måtta kjempa for merksemd, eg har ikkje.

Eg takkar Gud, som var i opphavet og som er opphav til alt og alle, for den familien Han har gjeve meg. For den tryggleiken og kjærleiken eg har fått oppleve som del av denne. Skjønt eg har jo krangla med familien min. Ganske mykje òg, eigentleg. Eg er sta. Til tider særs sta. Til tider ekstremt irriterande sta. Til mitt forsvar har eg å slektast på. Og det er jo nett det. Eg har nokon å slektast på. Eg veit kven eg har å slektast på. Eg kjenner dei eg slektar på. Eg er glad i dei eg slektar på. Og dei eg slektar på er glad i meg. Eg har ein familie.

søndag 19. september 2010

Hausttur med navigatørane

"Den som har så mange som tre vener er svært rik" - Ferdinand Finne.

Eg må vere milliardær - minst! Snakk om opphopning av flotte menneske!:oD

mandag 6. september 2010

Bli-kjend-tur med KRIK

Du og du. Tenk at det er mogleg å ha ei så gjennomgåande god helg!:o) Det er stas det!

søndag 29. august 2010

P.S.

I tillegg til karane i A-ha, Casiokids og Polkabjørn og Kleine Heine såg eg Bård og Vegard Ylvisåker i levande live! Dei sto i Golden Circle. Berre så de veit det.

A-ha!

Så var eg altså i gårkveld på innsida av Brann Stadion for første gong i mi 22 år lange livshistorie. Men var det for ein fotballkamp? Nei, på ingen måte. A-ha heldt ein av sine siste konsertar, og eg kjende behovet for å kunne skrive namna deira på skrytelista over kjendisar i doboka. Og du, for ei oppleving! Lys-/bileteshow (til forveksling likt "lysbileteshow", i eitt ord, som også går under namnet "lysbileteframsyning", frå misjonsbasarane på bedehuset) og god energi frå popstjernene på scena gjorde opplevinga vel verd pengane!

Det er likevel vanskeleg å seie kva tid i løpet av dei 6,5 timane vi oppheldt oss på området eg eigentleg hadde det morosamast. Polkabjørn og Kleine Heine gjekk nemleg rett til sjølvaste Hjarterota hjå underteikna, og sørgde i alle høve for dei høgaste latterbrøla frå både meg og nærværande syster (den eldste, om nokon skulle kjenne henne....). Casiokids som følgde, skar derimot i den tidlegare nemnde hjarterota, og gjorde meg verkeleg vondt. Dei tappa meg for energien som eg over tid hadde bygd opp til møtet med A-ha. Då eg fann Casiokids temmeleg keisame både i ord og tonar, var det heller frustrerande at dei fekk lang speletid, men likevel ikkje klarte å oppdrive "Finn Bikkjen!" før heilt på slutten av denne. Innan den tid var eg mo i knea, utan at ein treng rekne det for å vere positivt i Casiokids sin favør...

Men altså, i det store og det heile, ein strålande aften!:oD

tirsdag 24. august 2010

Brilleslange

I dag vart eg med eitt brillebrukar på heiltid.

mandag 23. august 2010

Pinsamt... igjen

Denne gongen såg eg ein mann i tricot. På anstendig avstand. Ikkje utprega smekkert eigentleg, og min naturlege reaksjon på menn i tights var vel denne gongen som elles, noko slikt som "Oj, oj, oj". Utan særleg positiv undertone... Men i dette tilfellet trur eg det er ein viss fare for at utsagnet vart misoppfatta likevel. Nei, nei, ta det aldeles med ro! Mannen var på GOD avstand; han høyrde meg ikkje! Det gjorde derimot ungguten som gjekk rett framfor utsikta mi. Ulempen var at han truleg forveksla "oj, oj, oj" med "o-la-la", eller noko i den duren, og at han trudde utbrotet var retta mot han. I alle høve snudde han seg. Ja, litt på same måte som fyren utanfor Solbrød, på ein måte. Litt sånn: "Eg veit du har observert meg, og ja, eg er samd. Eg ser temmeleg bra ut". Jau, jau... flaut nok det... spesielt etter eit latterbrøl frå underteikna, og real fnising frå nærverande veninne.

Hovudproblemet ligg likevel i dette: Den kvinnelege kjærasten åt denne ungguten gjekk saman med han. Ho høyrde nok det same "o-la-la". Unngjekk å sjå den same middelaldrande mannen i tights. Eg er redd ho i den noverande augneblunken går rundt og ergrar seg, kanskje til og med er sjalu, slik som jenter har ein lei tendens til å vere. At ho faktisk trur at eg openlyst og rett framfor augo på henne la an på kjærasten hennar. Eg som verkeleg ikkje kan skryte på meg kunsten å flørte ein gong! Vel, vel... Stakkars jente.

lørdag 21. august 2010

Småpinleg

Tenk at det er mogleg å verte så flau, berre fordi ein kjekk mann smiler til deg?!

No skal det seiast at fyren var kjekk, i ordets mest overflatiske forstand, og at eg retteleg glante etter han. Du skjønar... i går sat eg inne på Solbrød på Exebition saman med ei venninne, og ante fred og ingen fare. Så hende det då, at denne gutemannen gjekk forbi. Sånn lett slentrande. Han såg inn glaset på same viset som kven som helst annan som går forbi eit vindaugsglas. Eg, derimot, såg ikkje ut glaset på same viset som kven som helst som sit på andre sida av eit slikt eit... Eg fylgde han med blikket! Noko han må ha merka seg i farten, for han tok i alle høve heilomvending, blunka og gav meg eit særs sjarmerande og leikande smil. Oops... Teke på fersk gjerning.

Eg smilte attende.

fredag 13. august 2010

Ei oppdatering

Lat oss telje dagane.... No er det 77 dagar sidan eg fekk ferie, og berre fire dagar til han tek slutt. Kvar har så dagane teke turen? Jau, no skal du høyre. Det heile starta med at eg tok eksamen. Fullføringa av denne fungerte altså som oppstart til sumarferien. Då så var gjort, tilbrakte eg ei viss tid i Bergen med strålande sol og saman med mange gode menneske. Då sytten dagar var lidne, tok underteikna sjøvegen heim, for så dagen derpå å ta til i arbeid på den lokale aldersheimen. Dette arbeidstilhøvet heldt fram til sundag som nett var. Inn i mellom arbeidstimane har det likevel vore tid til vitjing frå kjende og kjære frå folkehøgskulen, vikingspel hist og her, og ymse vitjingar av gamle tanter på både eine og andre sida av ætta. Seinast i går kom eg heim frå stortur til Nordmøre. Så... då har eg altså fire dagar ferie att. Desse skal nyttast til fulle! Det vert med andre ord mykje soving, mykje lesing, stort næringsinntak og mykje latskap.

Ja, og om ein no skal ta føre seg dagen i dag.... Eg har vorte rik! Verkeleg rik! Tenk BÅDE løn OG stipend på EIN gong! Det er velstand det!

mandag 31. mai 2010

SUMARFERIE!

Eg har hatt sumarferie i heile tre herlege dagar!:oD

tirsdag 25. mai 2010

Hm... irriterandes

Ja, og så er det noko retteleg merksnodig med desse klokkesletta på denne bloggen...

Snart, verkeleg snart...

No er det ein og ein halv dag att til sumarferien.

mandag 24. mai 2010

Ned for teljing

No er det tre og ein halv dag att til sumarferien.

fredag 21. mai 2010

Lesesalen

Eg imponerte meg sjølv i dag (og nok resten av huslyden også)! Eg stod tidleg opp. Eg klarte det faktisk - heilt sjølv!:oD Rett nok med hjelp frå The O.C. Supertones som bles i trompetar frå den automatisk innstilte og alarmerande cd-spelaren min. Og ikkje minst frå alarmen på mobilen, som ringde 10 min. etter som ei aldri så lita forsikring. Men merk: Eg slumra ikkje ein einaste gong! Som du kanskje forstår, har eg altså litt vanskar med å kome meg opp om morgonen for tida.... Men i dag, i dag kom eg meg opp og avgarde. Eg er ikkje heime og vaskar klede. Eg vaskar ikkje hus ein gong. Eg sit på lesesalen!:oD

Men... om ein likevel skal sjå aldri så lite negativt på dagen... Kvifor i all verda er det ikkje mogleg for menn som sit ved sida av ein på lesesalen å puste gjennom munnen, i staden for gjennom nasen? Eg berre undrast.

torsdag 20. mai 2010

Framleis eksamenstid

Ja... Nok eit framifrå døme på korleis slike bloggar har større tiltrekkjingskraft enn tankekart og pensumbøker. Meiningsløyse kallar ein slikt.

P.S. Må forresten nemne at også skittentøyskorger og vaskemaskiner har ei viss kraft.

søndag 16. mai 2010

Eg - ein bloggar?

Ja... Så har eg altså fått litt sansen for desse bloggane i det siste. Desse litt morosame vinklingane på livet. Desse sidene på internettet som, i tillegg til Facebook sjølvsagt, har ei merksnodig tiltrekkjingskraft i desse eksamenstider. Hm... då gjenstår det å sjå om eg kan vinkle livet mitt på ein slik morosam ein måte. Eg har mine tvil. Eg freistar å lese til eksamen... Livet er ikkje morosamt.