torsdag 11. august 2011

Ord og slik

Somme ord er berre så reint vanskelege å få fram.

http://www.youtube.com/watch?v=SNA_72oAW60

mandag 8. august 2011

Kvardagsliv

I dag er det den femte dagen min i ny jobb. Det ser lovande ut, og eg er glad for det. Eg kunne på eitt vis gjerne tenkje meg å ha litt lengre ferie. Litt lengre enn fire veker, som forsåvidt er meir enn dei fleste har i laupet av ein sumar. Samstundes er det godt å kome attende til kvardagslivet. Skjønt kvardagslivet mitt vil bli ganske anleis no enn det før har vore. Det er no eg trer fram i dei vaksne sine rekkjer. Eg gjorde det ikkje i konfirmasjonsalderen. Eg har nemleg innsett det eg ikkje innsåg då. At eg ikkje var vaksen. At eg var fjortis. Eg på lik line med dei andre fjortisane. Og som fjortis vart det i grunnen ikkje stilt så mange krav til meg heller. Det var på eit vis greitt at eg var ein ufordrageleg skitunge. Eg var jo trass alt ein ufordrageleg skitunge av det meir uskuldige slaget. No, som tjuetreåring og ferdig utdanna, vert det derimot stilt visse krav til meg. Eg skal no gjere meg gjeldande i arbeidslivet på lik line med vaksne. Ordentlege vaksne altså. Ikkje slike som nett har fylt 18. Det er skummelt. Og det er kjekt. Alt på ein gong. Reinaste skrekkblanda fryden, rett og slett. Eg vonar det vert fint og frydefullt. Eg trur det vert bra.

fredag 5. august 2011

Sumarferie på godt og vondt

Sumarferien dette året har vore innhaldsrik. På godt og vondt. Han har fått meg til å tenkje. Ja, hakket meir enn eg gjer til vanleg, trur eg. Hakket meir enn eg eigentleg set pris på. For sumarferien dette året har vore uforståeleg. Aldeles grufull, rett og slett. For sei meg... Kva er det eigentleg som skjer med landet vårt? Med vesle Noreg. Når éin mann fredag 22. juli 2011 kunne ta livet av nær 100 menneske? Korleis kunne det skje? Og kva i all verda har skjedd med menneskeverdet? Svaret ligg kanskje i kva haldningar vi menneske har til andre menneske. Det ligg kanskje i at det verste i denne saka faktisk ikkje er sjølve ugjerninga, men at særs mange vanlege nordmenn er samde i det gjerningsmannen står for. Dei fleste er jo heldigvis anstendige nok til å ta avstand frå handlingane. Likefullt står dei for dei same haldningane. Eg vonar statsministeren får rett når han seier at vi skal verte eit meir ope samfunn. Eit enno meir demokratisk eitt. Eit samfunn der samhaldet går på tvers av etnisitet, religion og synsvinklar. Eit samfunn der menneske ikkje hetsar heile folkegrupper, som dei personleg ikkje kjenner, for ugjerningar dei ikkje har begått. Eit samfunn der menneskeverdet vert attreist.

Sjølv om terroråtaka i Oslo og på Utøya altså har sett sitt preg på ferien, har han også vore fin. Eg har fått i meg store mengder kaffi saman med bestemor. Eg har vore på Vanylvsråkk og lytta til god og mindre god musikk. Eg har vore på besøk hjå gamle tanter. Og ein gamal onkel. Eller rettare sagt hjå gamletanter og ein gamalonkel. For dei tilhøyrer altså besteforeldregenerasjonen. Eg har sett på Molde sitt folkeliv under Moldejazzen. Eg har vore på konsert med Sinead O'Connor. Og Jarle Bernhoft. Og la meg berre seie det: han der Bernhoften er vel verd merksemda han får! Eg har lese om lag eitt og eit halvt kapittel i ei lærebok. Eg har bada fire gonger i noko anna enn badekar. Eg har pådrege med skille, noko som ikkje skjer så reint ofte hjå underteikna. Spesifisering: sokkeskille. Ja, det stemmer. Sokkeskille på lik line med det karane plar ha. Eg har vore på Runde og sett på fuglane. Eg har ikkje vorte fotografert i rosa kjole på den rosa Moods of Norway-traktoren på Flø. Sjølv om eg skulle ynskje det. Dei hersens borna skal jo alltid ha fyrsteretten. Eg har vore på Nordmøre. Der har eg sett slekt og fiska fisk. Ikkje mindre enn 16 sei og 2 bleikjer eigenhendig fiska, altså. Der har eg også plukka sopp. Og flott.... Og no er eg attende i Bergen.

onsdag 18. mai 2011

Augekontakt og naserynk

Det er natt til 17. mai. Eg og ei av mine to respektive romveninner er midt i den nestsiste bakken på veg heim, då vi trur den siste romveninna kjem bak oss. Ho er venta å kome etter oss på scooteren sin. Då ho forlet leiligheita på kvelden 16. mai hadde ho på seg kvite sko og grøn allvérsjakke med rosa glidelåsar.

Så, natt til 17. mai, altså, kjem det eit motorisert køyrety bak oss. Ja, det kan minne om ein slik scooter. Sjåføren har grøn allvérsjakke, og vi går ut i frå at det er ho som vi ventar. Vi fokuserer fullt og heilt på romveninna vår, medan vi lettare høglytt diskuterer om det faktisk er ho eller ikkje. Eg konkluderer på forunderleg vis med at jau, det er ho. Eg tvilar visst ikkje eit fornuftig sekund heller, og glanar frimodig inn gjennom glippa på hjelmen. Hjelmen vrir seg 90 grader. Eg ser vedkomande inn i augene og rynkar på nasen på ein slik måte som ein kun gjer med romveninner som ein har kjendt frå folkehøgskulen. Eventuelt også syskjen. I alle høve ikkje på ein slik måte som ein gjer med folk flest. Eg tykkjer med eitt at det er noko nytt ved augo. Augefargen? Forunderlegheit? Skrekkslagenheit? Er dei litt mandige, kanskje? Eg veit ikkje. Kanskje er det berre lyset/mørkret som gjer det. Eller hjelmen. Augo hennar plar jo oftast ikkje vere omringa av ein femkilos hjelm. Men så køyrer altså mopeden forbi. Og i tillegg til at det altså viser seg at det er ein moped og ikkje ein scooter, ser eg no at mopedisten har svarte sko. Ikkje kvite. Eg må visst innsjå at det var feil person eg rynka på nasen til og såg djupt inn i augene denne måneskinskvelden. Det var nok den grøne allvérsjakka eg hengde meg litt vel opp i. Og når eg tenkjer meg om, var der nok ingen rosa glidelås på ho heller.

Eg er avhaldsmenneske, som somme av dykk kanskje veit. Vel, eg kan meddele at dette var ein av dei ytst få augneblunka der eg nesten skulle ynskje at eg var full. At det liksom var difor eg på forunderleg vis rynka på nasen og heldt ein særs intens augekontakt med folk eg ikkje kjenner. Ja, han varte nok i meir enn dei fire forførande sekunda, som den første augekontakten visstnok skal vare, dersom det skal vere noko å gå vidare med. Så kven veit? Kanskje var det mannen i mitt liv. Fram til eg eventuelt på nytt tek mot til meg og ser han djupt inn i augene, vel eg imidlertid å ta i bruk hatt og solbriller ei tid framover. Ja, du skal ikkje sjå bort i frå at det vert eit uhorveleg stikkande solskin i tida som kjem. Vi går nok ein fin sumar i møte.

tirsdag 12. april 2011

Drops

Visste de at Läkerol Seasalt Liquorice Dark smakar slik som stjerneskot luktar? For det gjer dei altså.

søndag 3. april 2011

Vårtur med Navigatørane

Det er vår. Det er tur. Det er herlege menneske. Det er vårtur med Navigatørane Sentrum. Du, for ei strålande helg det har vore! Spel og moro, gode samtalar, bållukt, pinnebrød med sjokoladebitar (som etterkvart smelta til å ikkje vere bitar lengre), Gudsord, vitnesbyrd og stort inntak av variert og næringsrik kost... Ja, de kan berre angre de som ikkje var med. Så veit de det. Men det kjem altså ein ny sjanse om sånn cirkus eit år. Så... Vel møtt!

onsdag 23. mars 2011

Smågodt

Smågodt er ein fin ting. I dag er det tilbod på Rimi.

mandag 14. februar 2011

Ei oppdaging

Ja, så sit vi her. Med gruppearbeidet. Gruppearbeidet i modellar i sosialt arbeid. Vi skriv opponentkommentar til ei anna gruppe sitt arbeid, og det er då det skjer. Oppdaginga av google documents! Her kan vi altså sitje med kvar vår maskin og markere i det same dokumentet. Så kjem det opp då, veit du - "flagg" med ulike namn og fargar. Så kan vi fylgje med på kvar vi oppheld oss i teksten. Så no vart det altså nett oppdaga at eg nok ikkje skriv i google documents i augneblunken, sjølv om eg trykkjer på knappane på tastaturet... Attende til arbeidet!

(Men om de får tid og lyst på eit tidspunkt, sjekk ut: https://docs.google.com/)

tirsdag 18. januar 2011

Våg å tenkje det verste, for borna sitt beste!

I dag har eg altså arbeidd med eit sosialpolitisk "lesarinnlegg" i samband med skulen. Kvifor grip ikkje lokalsamfunnet og det offentlege inn ved mistanke om omsorgssvikt, vald og overgrep mot born?

Ser vi? Er vi blinde? Eller har vi skylappar på? Om vi har dårleg syn har vi vel likefullt sjølve ansvar for å få teke ein synstest og eventuelt skaffe oss briller? Vi har alle ansvar for å hjelpe den blinde over gata. Vi har alle ansvar for å ta vare på kvarandre.

Sjekk ut http://forbarnasbeste.no/