fredag 5. august 2011

Sumarferie på godt og vondt

Sumarferien dette året har vore innhaldsrik. På godt og vondt. Han har fått meg til å tenkje. Ja, hakket meir enn eg gjer til vanleg, trur eg. Hakket meir enn eg eigentleg set pris på. For sumarferien dette året har vore uforståeleg. Aldeles grufull, rett og slett. For sei meg... Kva er det eigentleg som skjer med landet vårt? Med vesle Noreg. Når éin mann fredag 22. juli 2011 kunne ta livet av nær 100 menneske? Korleis kunne det skje? Og kva i all verda har skjedd med menneskeverdet? Svaret ligg kanskje i kva haldningar vi menneske har til andre menneske. Det ligg kanskje i at det verste i denne saka faktisk ikkje er sjølve ugjerninga, men at særs mange vanlege nordmenn er samde i det gjerningsmannen står for. Dei fleste er jo heldigvis anstendige nok til å ta avstand frå handlingane. Likefullt står dei for dei same haldningane. Eg vonar statsministeren får rett når han seier at vi skal verte eit meir ope samfunn. Eit enno meir demokratisk eitt. Eit samfunn der samhaldet går på tvers av etnisitet, religion og synsvinklar. Eit samfunn der menneske ikkje hetsar heile folkegrupper, som dei personleg ikkje kjenner, for ugjerningar dei ikkje har begått. Eit samfunn der menneskeverdet vert attreist.

Sjølv om terroråtaka i Oslo og på Utøya altså har sett sitt preg på ferien, har han også vore fin. Eg har fått i meg store mengder kaffi saman med bestemor. Eg har vore på Vanylvsråkk og lytta til god og mindre god musikk. Eg har vore på besøk hjå gamle tanter. Og ein gamal onkel. Eller rettare sagt hjå gamletanter og ein gamalonkel. For dei tilhøyrer altså besteforeldregenerasjonen. Eg har sett på Molde sitt folkeliv under Moldejazzen. Eg har vore på konsert med Sinead O'Connor. Og Jarle Bernhoft. Og la meg berre seie det: han der Bernhoften er vel verd merksemda han får! Eg har lese om lag eitt og eit halvt kapittel i ei lærebok. Eg har bada fire gonger i noko anna enn badekar. Eg har pådrege med skille, noko som ikkje skjer så reint ofte hjå underteikna. Spesifisering: sokkeskille. Ja, det stemmer. Sokkeskille på lik line med det karane plar ha. Eg har vore på Runde og sett på fuglane. Eg har ikkje vorte fotografert i rosa kjole på den rosa Moods of Norway-traktoren på Flø. Sjølv om eg skulle ynskje det. Dei hersens borna skal jo alltid ha fyrsteretten. Eg har vore på Nordmøre. Der har eg sett slekt og fiska fisk. Ikkje mindre enn 16 sei og 2 bleikjer eigenhendig fiska, altså. Der har eg også plukka sopp. Og flott.... Og no er eg attende i Bergen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar